Bruk biblioteket

Det som er så bra med biblioteket er at alt er gratis - og du kan koma og gå som du vil.

04fyb

Trudde du at det kosta pengar på biblioteket? Nei, det gjer det ikkje. Alle våre tenester er gratis. Det kostar ingenting å få eit lånekort, som du kan bruka på alle bibliotek i landet viss du er over 15 år. (Er du under 15 år får du eit lokalt lånekort). Og om det er noko me ikkje har i hyllene, skaffar me det. Det kostar heller ikkje noko. Dessutan kan du koma og gå og vera så kort eller så lenge du vil – det er også heilt fritt.