Biblioteka

Tysnes folkebibliotek er ein del av Sunnhordlandsbiblioteka, som til saman utgjer åtte bibliotek.

Logoen er ein stor S for Sunnhordland av flagrande bøker! Me samarbeider nært om ei rekkje ting som kjem deg som brukar til gode og gir kvar kommune i Sunnhordland eit betre bibliotek.

Biblioteka som er med i samarbeidet er Austevoll, Bømlo, Etne, Kvinnherad, Sveio, Stord, Tysnes og Fitjar. Me er ulike, og me som jobbar i desse biblioteka har ulik kompetanse,  men nett det er ein styrkje.

Samarbeidet har vart i ei rekkje år, og me jobbar alle godt i lag for å skapa betre bibliotektenester til alle i Sunnhordlandsregionen.