Sommar: opningstider og sommarlån

Sommar: opningstider og sommarlån

Aktuelt   

Sommarstengt og meirope

Biblioteket er stengt i sommar frå 1. til og med 28. juli. Det vil likevel vere mogleg å låne bøker i sommar. Meirope vil vere ope som normalt, unntatt frå 6. til og med 16. juli grunna Tysnesfest. For å nytta deg av tilbodet må du ha gjort avtale innan 27. juni.

I dette tidsrommet vil det ikkje vere mogleg å reservere bøker eller bestille fjernlån.

Utover dette vil det ikkje vere nokon endring i opningstidene.

Sommarlån

I sommar vil bøker og lydbøker du låner ha ekstra lang lånetid. Det du låner frå og med 3. juni vil ha forfall 15. august. Tidskrift og bøker med venteliste vil ha normal lånetid.

E-bøker

Pakkar du lett i sommar og ynskjer å leggje mursteinen igjen heime? Hugs at du har plass til eit heilt bibliotek i lomma. Last ned appen BookBites til smarttelefon eller nettbrett og lån e-bøker og e-lydbøker. Alt du treng er lånekort og PIN. Ta kontakt med biblioteket om du treng hjelp.