Jorda rundt frå sofakroken

Jorda rundt frå sofakroken

Aktuelt   

No når vi ikkje reiser så langt, kan det vere ekstra godt å reise vekk i andre sine reiseskildringar. Her får du tips om polare eventyr, dristige seglasar og møte med det ukjende, frå Nasjonalbiblioteket sine digitale lese- og lytteopplevingar.

 

Dei fleste er nok einig i at reiseskildringar er ein eigen sjanger, men det er vanskeleg å finne ein god og samlande definisjon.

Litteraturen kan ha ulik form, frå reisebrev til dagboknotatar, frå korte tekstar til lange bokseriar, til bloggar og reisenettstader. Dei første reiseskildringane var skrivne av vitskapsmenn, tenestemenn eller handelsreisande. Seinare vart oppdagingsreisande viktige leverandørar. I våre dagar er det mellom anna vagabondar som finansierar livsstilen sin med å ta med lesaren på eventyr.

Det mest fasinerande reiseskildringane byr på, er møte med dei som skriv denne litteraturen. For det er noko særmerkt og fasinerande med desse menneska som gjev seg i kast med ukjende og ikkje alltid ufarlege reiser. Det som vert skrive, kan ha høg litterær kvalitet, det er mykje god kunnskapsformidling, det er humor, vidd og ope syn for det som ikkje er likt vår verd og våre verdiar. Fleire av tekstane har i tillegg eit høgt spenningsnivå: Møte med fiendtlege innfødde, kampklare piratar, polare eventyr og dristige seglasar kan by på mykje dramatikk.

—————————-

Nasjonalbiblioteket har levandegjort ei knippe av sine reisebrev, skrive av kjende og mindre kjende nordmenn. Gjennom to podkastar frå arrangement får vi presentert brev frå m.a. Camilla Collett, Suzannah Ibsen og Nordahl Grieg:
«Levande brev. Reiser frå arkivet.» Programma er i to delar: «Del 1» og «Del 2».

Joshua Slocum (1988-1909) var ein kanadisk sjømann og eventyrar som levde mesteparten av livet sitt på havet. Han var den første som segla jorda rundt åleine. Boka han skreiv etter turen, «Førstemann rundt jorden alene», blei ein internasjonal bestseljar, og framleis er den svært så leseverdige boka rekna for ein av klassikarane innan seglingslitteraturen. I 1909 forsvann Slocum på havet i «Spray», båten han reiste jorda rundt med.

Også nordmenn har reist og skrive inspirerande bøker om segling og livet på havet. Døme på dette er Carl Emil Petersen og Erling Brunborg si bok om reisa rundt jorda med losskøyta si: «Rundø : Jorden rundt på tomannshånd».

Per Tangvald (1924-1991) reiste i 1959 ut med seglbåten «Dorothea» og segla resten av livet på alle verdas hav. Per Tangvald opplevde mykje dramatikk og tragedier på reisene sine, og livet hans fekk stor merksemd i dei norske media. Han skreiv m.a. boka: «På liv og død». Per Tangvald mista livet i eit forlis i 1991.

Isjell

Ernest Shackleton kom litt for seint med i kappløpet om å nå polpunkta. Då han reiste ut med Endurance i 1914, var målet hans vart difor å krysse det antarktiske kontinentet frå kyst til kyst. Men ekspedisjonen kom aldri så langt: Etter ti månadar vart skuta «Endurance» skudd ned av isen, og først ti månader etter det att, vart mannskapet redda, takka vere dramatisk seglas og strabasiøs vandring for å nå fram til kvalfangsstasjonen Strømnes på Sør-Georgia. Shackleton sin heltmodige innsats for å redda mannskapet er skildra i fleire bøker, m.a. i denne rikt illustrerte: «Endurance».

Wilfred Thesiger (1910-2003) er ein anna engelskmann og reiseskribent det er vanskeleg å kome utanom. Han var fødd i Addis Abeba, men vart sendt til England for å gå på skule der. Han kom tilbake til Afrika som ung mann og jobba i statsadministrasjonen i Sudan, som då var ein britisk koloni. Han hadde eit sterkt ønske om å leve eit ukonvensjonelt liv, og lengselen etter ørkenen, det puritanske og livet i si enklaste form er fabelaktig skrive. Om ikkje det er meint slik, så er boka «Bedu» også eit møte med forfattaren, kor menneske Thesiger fengjer lesaren si interesse. Det er vanskeleg å lese boka utan å bite seg merke i skildringa av beduinguten Bin Kabina, og undrast over kva kjensler forfattaren hadde for den unge guten. Thesiger – som var ein framifrå god fotograf – tok mange bilete av Bin Kabina, i tillegg mange andre svært gode bilete frå reiser han gjorde i Afrika og Saudi-Arabia. Boka er ein av dei store klassikarane innan reiselitteraturen, og handlar mest av alt om den store reisa han gjorde gjennom Rub’ al Khali-ørkenen i Saudi-Arabia.

Ei fin oversikt over forfattaren sine mange reiser og innblikk i den store biletsamlinga hans, finn du her: «Photographs of Arabia»

Vår eigen nestor, Torbjørn Færøvik har hatt Asia som sitt spesialområde. Enn så lenge er det berre to av Globusbøkene som er tilgjengeleg i Bokhylla: «Drømmen om Asia» og «India : Stevnemøte med skjebnen.

Det er vanskeleg å skrive om reiseskildringar utan å nemne Spor-bøkene. Serien var Aschehoug si storsatsing på reiseskildringar i perioden 2000 til 2010. Det kom ut 29 titlar, nøye og godt plukka ut av redaktør Asbjørn Øverås. Symptomatisk nok er kun tre av forfattarane kvinner, og berre i «En afrikaner på Grønland» av togolesaren Tété-Michel Kpomassie, er det vi som bur i Vesten som blir observert av ein som kjem frå fjerne himmelstrøk.

Enn så lenge er få av desse 29 godt skrivne bøkene tilgjengeleg i Bokhylla. Unntaket er den gamle meistaren Ryszard Kapuscinski (1932-2007). Om du ynskjer å bli kjend med han, og i tillegg lese god litteratur vakkert omset til nynorsk, kan du byrja med boka om Haile Selassie, keisar av Etiopia: «Keisaren : Ein diktators fall».

Av Sigrid Furnes, Bibliotekutvikling Vestland 

Foto heading: Federico Gutierrez, Unsplash
Foto i artikkelen 1: 66 North, Unsplash
Foto i artikkelen 2: Adolfo Felix, Unsplash


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Kvinnherad bibliotek