Filmoteket

Filmoteket

Aktuelt   

Den nye måten å låne film frå biblioteket på!

 

No kan du bruke lånekortet ditt til å låne spelefilm frå bibliotekas eigne filmstrøymeteneste, Filmoteket. Her kan du velje mellom norske, nordiske, europeiske og internasjonale titlar for både barn, ungdom, familiar, vaksne og seniorar. Her finn du eit godt utval av klassikarar, dokumentarar, filmatiserte bøker og store Oscar-vinnarar. Alt frå blockbustarar til smalare kunstfilm.

 

Du kan låne to filmar i månaden.

Lånte filmar kan du sjå i 48 timer, på alle plattformer, i alle de kjende nettlesarar.

Du kan også overføre filmane til større skjerm via AirPlay og Chromecast.

Du brukar lånekortet (lånekortnummer + pin-kode) for å låne film.

 

Kom i gang med Filmoteket:

 

  1. Gå til www.filmoteket.no
  2. Vel Logg inn i menylinja
  3. Klikk på Registrer ny brukar. Her oppretter du et brukarnavn og passord, og legg inn lånekortnummer og PIN frå lånekortet ditt. Vel Tysnes blant biblioteka i menyen.
  4. Du får sendt stadfesting på e-post. Vennligst sjekk e-posten din, og stadfest denne.
  5. Snurr film!

 

Feilsøk

Ta kontakt med biblioteket dersom du treng PIN eller treng hjelp til val av heimebibliotek.