Astrid og Asbjørn på djupt vatn

Årets Sommarles

Aktuelt   

Frå 1. juni til 31. august kan dei som går i 1. til 7. klasse bli med på sommaren sin kulaste lesekampanje!

Kva er Sommarles?

Sommarles er ein digital lesekampanje for dei som går i 1.-7. klasse, og som varer frå 1. juni til 31. august.

Dei som byrjar i 1. klasse til hausten og dei som går ut av 7. klasse ved kampanjestart kan òg delta.

 

Korleis deltar ein på Sommarles?

Du kan laga ein ny profil, eller bruka same profil som i fjor på nettsida Sommarles.no Her legg du inn alle bøker du les eller høyrer frå 1. juni til 31. august. 

For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg – all lesing tel. Når du legg inn bøker, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente kule premiar på biblioteket i løpet av sommaren.

På Sommarles.no kan du òg få lesetips, løyse oppgåver og følge med på kva vennene dine les, du kan òg lese Sommarlesforteljinga skriven av forfattar Mari Moen Holsve

 

Bli med på Sommarles her: Sommarles.no

Vil du vite meir om Sommarles? Sjå altom.sommarles.no

 

Til foreldre/føresette

Sommarles.no er ein nettbasert lesekampanje og er laga for å motivere barn til å lese av eiga lyst. Det skal vere gøy å vere med! Barn som les jamleg i løpet av sommaren, styrkar leseferdigheitene sine gjennom ein lang ferie. Nokre les på fritida, men vi veit at dei barna som ikkje gjer det, stiller med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart. Vi håpar at de vil hjelpe oss med å motivere barna til å vere med på Sommarles.no. Det er ein fin aktivitet uansett kvar de skal feriere i sommar.

Ta turen innom altom.sommarles.no for meir info – eller besøk ditt lokale bibliotek.