Lokalhistorisk biletsamling er tilbake på nett

Lokalhistorisk biletsamling er tilbake på nett

Aktuelt   

Søk i over 2000 lokalhistoriske bilete frå Tysnes

Lokalhistorisk arkiv i Tysnes inneheld ein biletsamling av stor kulturhistorisk verdi. Fleire hundre glasplater, ca. 2400 negativer og eit stort antal andre bilete, i form av fotografier, postkort og fotoalbum vart digitalisert i 2015/2016. 

Då Tysnes folkebibliotek bytta biblioteksystem i 2018 forsvann dessverre samlinga frå verdsveven, medan vi venta på å få den konvertert. No er den heldigvis tilbake igjen!

Under kan du søkja etter bilete frå Tysnes. Bileta er katalogisert med emneord. Du kan til dømes søkje etter stadnamn eller personnamn. Det er dessverre ikkje alle bileta vi har eksakte opplysningar om. Har du utfyllande informasjon om eit bilete eller funne andre feil og manglar kan du nytte kontaktskjemaet ved det aktuelle biletet. For meir generelle henvending kan du sende oss ein e-post til post@tysnesbibliotek.no

 

Søk i biletsamling her.