Anna Folkestad

Anna R. Folkestad på utlånstoppen

Aktuelt   

Stordforfattar Anna R. Folkestad har to bøker blant dei ti mest lånte barnebøkene utgjeve i 2020, ifølgje utlånstala til biblioteka i Stord, Fitjar og Tysnes.

– Det er veldig kjekt at lokale lesarar set pris på dei knallgode forfattarane me har på Stord og i Sunnhordland, seier barne- og ungdomsbibliotekar Camilla Ruhs ved Stord folkebibliotek.

Før sommaren kjøpte biblioteket inn fleire bøker i serien «Visste du at?». Anna R. Folkestad kom tidlegare i år med tre bøker i denne serien, utgjeve på Samlaget. No har biblioteket kjøpt inn endå fleire bøker for å møta den store interessa.

Her er dei ti mest lånte barnebøkene i Fitjar, Stord og Tysnes:
1. Operasjon Lurifaks av Jørn Lier Horst
2. Kråkesøstrene av Malin Falch
3. Jack og Zita må redde verden av Ben Hatke.
4. Visste du at …? Godteri av Anna R. Folkestad
5.Gutta i trehuset dør (nesten) av sine egne vitser av Andy Griffiths
6. Visste du at …? Taco av Anna R. Folkestad
7. Guttegærne Stacey av Gale Galligan
8. Ned i dypet av Hans Jørgen Sandnes
9.Alle bitene passer sammen av Judd Winick
10. Hundemannen er på ball av Dav Pilkey

 

Blant dei ti mest lånte vaksenbøkene er Randi Fuglehaug si bok Fallesjuke. Ho kjem til Stord folkebibliotek i Falturiltu-veka.

Her er dei ti mest lånte vaksenbøkene i Fitjar, Stord og Tysnes:

1. Solsøsteren av Lucinda Riley
2. Over havet av Isabel Allende
3. Etterlyst av Frid Ingulstad
4. Bange anelser av Frid Ingulstad
5. Kjærlighetens ansikt av Sarah Jio
6. Den tause pasienten av Alex Michaelides
7. Fallesjuke av Randi Fuglehaug
8. Langsomt lukker jeg døren av Linda Olsson
9. Ført bak lyset av Frid Ingulstad
10. Dukken av Yrsa Sigurdardòttir