Åtte podkastar med Sunnhordlandsforfattarar

Åtte podkastar med Sunnhordlandsforfattarar

Aktuelt   

Litterær podkastserie

«Heim til Sunnhordlandslitteraturen» er ei podkastserie på 8 episodar. Dei åtte biblioteka i Sunnhordland har laga si eiga podkast, kalla «Sunnbib-podden» med lokale forfattarar. Desse podkastane kan du lytte til via lenke på heimesidene, Instagram og Facebook til biblioteka.

 

Over 60 aktive forfattarar blir rekna som sunnhordlandsforfattarar. Me ønskjer å skapa større merksemd om dei ulike forfattarrøystene me har her i regionen som Anna Folkestad, Mats Rage, Anders Totland, Agnes Ravatn, Einar Økland, Atle Hansen og Bjørn Sortland. Podkastserien tar utgangspunkt i ein serie der lyttarane blir med dei ulike forfattarane på ein tur til deira ynglingstad (for si litterære skriving) i Sunnhordland. Podkasten vil gi ein introduksjon til forfattarskapen, men også spørja spørsmål som: Kor er det diktarane finn inspirasjon og kreasjon? Kva er det staden gir forfattaren? Har staden hatt noko å seia for forfattarskapet?

 

Prosjektet har fått støtte til podkastserien «Heim til Sunnhordlandslitteraturen» frå Norsk kulturråd.

Lenkjer til podkast:

#1 Mads Rage

#2 Anders Totland