Bibliofilappen – lånekort på mobil

Bibliofilappen gjer det lett å finne fram til bibliotekets tenester

Med appen Bibliofil til iOS eller Android er lånekortet aldri langt unna. Her kan du også søke i samlinga vår, reservere bøker og administrere låna dine.

 

Last ned appen på App Store eller Google Play og logg deg på med lånernummer og PIN-kode. Manglar du PIN får du dette på biblioteket. Vel deretter Tysnes folkebibliotek. Du vil ha tilgong til alle bibliotek som nyttar seg av biblioteksystemet Bibliofil.

I menyvalet Søking finn du alle titlane som finnes i fellesbasen til Stord, Fitjar og Tysnes folkebibliotek. Sjølv om den aktuelle tittelen berre er tilgjengeleg på Stord eller Fitjar går det fint å bestille. Hugs å velje rett henteavdeling under Bestillingsvalg. Her kan du også velje kva dato bestillinga skal gjelde frå.

Under Mine lån finn du oversikt over låna dine og du har også høve til å forlengje desse dersom det er mogleg.

I menyvalet Min profil kan du mellom anna oppdatere kontaktopplysingar, endre PIN og passord og opprette FamilieMappe. Sjå personvernerklæringa vår for meir informasjon om personopplysingane vi registrerer når du blir lånar hos oss.

Under Mitt Lånekort finn du lånekortet ditt på mobil. Dette kan du nytta når du låner bøker i skranken eller på utlånsautomaten vår. Dette vil også vere inngongsnøkkelen din når meirope bibliotek er etablert.

Hugseliste er titlar du vil hugse på, men enno ikkje har bestilt.

Du kan sende epost til biblioteket direkte frå appen. Vel Kontakt biblioteket. For meldingar til Tysnes folkebibliotek vel du avdelingskode t. Svar frå biblioteket kjem til e-post-adressa du er registrert med. For tips om titlar du ynskjer biblioteket skal skaffe inn er det eit eige menyval som heiter Forslagsskjema. Hugs å sjekke databasen først, det kan hende tittelen allereie er på hylla.