E-lån

Biblioteka i Hordaland låner ut ebøker via utlånssystemet BookBites. Systemet består av ein app som du kan lasta ned til din mobiltelefon eller nettbrett. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Hordaland.

KORLEIS LÅNE BØKER I BOOKBITES

  1.      Last ned appen BookBites bibliotek på App Store eller Google Play
  2.      Opprett brukar. Følg instruksane.
  3.      Lån bøker!

Du vil trenge ei e-postadresse og eit lånekort.

Du brukar e-postadressa til å opprette en bruker. Passordet du vel må bestå av seks teikn (bokstavar eller tal).

Den fyrste gongen du loggar deg inn i BookBites, må du velje bibliotek og gi appen informasjon om lånekortet ditt og PIN-koden din. Har du ikkje lånekort eller manglar du PIN? Kontakt Tysnes folkebibliotek. Det er gratis å låne bøker på biblioteket.

Du kan lese meir om det digitale utlånet vårt i artikkelen om byte av utlånsløysing for e-bøker.