Lokalhistorisk biletsamling i Tysnes

Lokalhistorisk arkiv i Tysnes inneheld ein etter måten stor biletsamling av kulturhistorisk verdi - fleire hundre glasplater, ca. 2400 negativer og eit stort antal andre bilete, i form av fotografier, postkort og fotoalbum. Bileta har i seinare år blitt gjort tilgjengelege via Tysnes sogelag sin årlege kalendar og Facebook-sida "Tysnes før i tio".

Her kan du søkja etter bilete frå Tysnes. Bileta er katalogisert med emneord. Du kan til dømes søkje etter stadnamn eller personnamn. Det er ikkje alle bileta me har eksakte opplysningar om. Har du utfyllande informasjon om eit bilete eller funne andre feil og manglar, ta kontakt på post@tysnesbibliotek.no

NB! Biletsamlinga er for tida utilgjengeleg på nett. Vi har bytta biblioteksystem og ventar på at systemleverandør skal konvertere biletsamlinga. Planen er at dette prosjektet skal gjennomførast i 2020. Vi beklagar at dette har tatt så lang tid, men vi kan love at biletsamlinga kjem sterkt tilbake.