Meirope

- få tilgang til biblioteket også utanom ordinær opningstid! Kvar dag heile året frå 08.00-22.00.

Kom innom biblioteket og få oppgradert bibliotekkortet ditt.

Korleis? Skriv under på kontrakten og lever til personalet, så får du avtale om tilgang til biblioteket utanom ordinær opningstid. Du kjem inn på biblioteket ved å lese av lånekortet i kortlesaren ved inngangen og taste pin-kode. Vi informerer om at inngangen er videoovervaka.

KVEN? Tilbodet gjeld for alle over 15 år som er registrert lånar . Tilbodet gjeld for alle med adresse på Tysnes. Born kan nytte tilbode om dei kjem i følgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg.

Det vil vere personale i biblioteket i delar av den ubetente opningstida, for å gjera kontorarbeid. Treng du hjelp – ver gild å kome i ordinær opningstid.

 

VÅRT FELLES BIBLIOTEK

Det meiropne biblioteket byggjer på tillit mellom brukar og bibliotek. Det er vår felles eigedom og skal vere til glede og nytte for alle – du bør derfor passe godt på det og halde ro og orden!

Tilgang og bruk

  • Før du kan nytte deg av tilbodet må du signere ein kontrakt der du skriv under på at du har lese reglementet for meirope bibliotek.
  • Lånekortet og pin-koden er personleg og skal ikkje brukast av andre.
  • Born kan bruke tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg.
  • Biblioteket kan stengje ut brukarar som bryt retningslinjene. Gjer du hærverk eller øydelegg noko er det du som er økonomisk ansvarleg. Alvorlege tilfelle vert meldt til politiet!
  • Du kjem inn på biblioteket ved å registrere lånekortet i kortlesaren ved inngangsdøra, samt taste pin-koden. Samstundes som du gjer dette, tek kameraet bilete av deg.
  • Biblioteket stenger kl. 22:00 og lyset går av. Ver vennleg å forlate biblioteket i god tid for å unngå at alarmen vert utløyst.

Servicetilbod

Når biblioteket ikkje er betent, er du sjølv ansvarleg for å nytte deg av dei tilgjengelege tenestane på ein forsvarleg måte.

Du kan nytte lesegruppene og datamaskina.

Merk: Bruk av datamaskin er låst til nettlesarbruk. Om du har behov for å bruke andre program eller vil skrive ut, skanna eller kopiere må du kome i betent opningstid. Nettlesaren nullstiller seg kvart 15. min, men det er likevel viktig at du syt for å logge ut av tenester som e-post og nettbank.

Merk: All form for lån og innlevering av materiale må gjerast på automaten!

Skal du levere fjernlånsbøker, legg dei i hylla merka fjernlån.

Skulle det oppstå ein feil med utstyret slik at du ikkje får lånt, kom tilbake i den betente opningstida, så vil personale hjelpe deg.

Korleis bruke automaten

  1. Vel teneste og trykk på symbolet. (T.d. «Utlån»)
  2. Legg kortet med strekkoden opp og juster det slik at kortet blir scanna.
  3. Legg materialet på bordet. Kontroller at talet på bøker og anna materiale er likt med talet som står på skjermen. Det meste av materialet er utstyrt med RFID-brikker og vil bli lest av når du legg det på bordet. I nokre tilfeller kan du måtte lese av strekkoden på baksida av boka, på same måte som med lånekortet.
    Merk: Viss du både skal levere og låne bøker, er det lurt å halde desse frå kvarandre, då maskina også kan registrere materiale «i lufta».
  4. Når du leverer materiale vil du anten får beskjed om å setje det på «innleveringshylla» (skilta med Innlevering)  eller hylle for reserverte bøker. Når du har gjort dette, avsluttar du ved å trykke på det symbolet som passar deg: med eller utan kvittering.