Tysnes

folkebibliotek

Tysnes

folkebibliotek

Hjelp og rettleiing

Biblioteksøk

Lån bøker frå alle norske bibliotek

Med eit enkelt søk på bibsok.no kan du finne bøker, lydbøker, filmar eller musikkinnspelingar frå heile landet. Ved å logge inn med Nasjonalt lånekort, kan du bestille til ditt lokale bibliotek. Du kan også få direkte tilgang til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket.

Biblioteksøk finn du på bibsok.no

Nasjonalbiblioteket står bak tenesta. Alle folkebiblioteka, dei fleste fagbiblioteka (alle universitet og høgskular) og også bibliotek på mange
vidaregåande skular er med i Biblioteksøk. Når Biblioteksøk skal finne ei bok, vil tenesta først leite i det næraste biblioteket ditt (hentebiblioteket ditt). Har ikkje dette biblioteket boka, vil Biblioteksøk søke vidare i næraste neste bibliotek, og finst boka der, vil boka bli send til hentebiblioteket ditt. På den måten vil Biblioteksøk sørgje for at bøker som blir bestilt frå andre bibliotek, får kortaste og mest mogleg effektive reiseveg. Finst ikkje boka på ditt hentebibliotek, kan det gå 1-3 veker før du kan hente boka på biblioteket.

Sjekk gjerne om vi har boka før du nyttar Biblioteksøk.

Ta kontakt med biblioteket eller bibsok@nb.no om du har spørsmål.

Gå til bibsok.no.

Vis alle tenester

Slik brukar du biblioteket

  1. Lånereglement
  2. Bli lånar
  3. Meirope
Besøk oss på facebook
Ansvarleg redaktør: Mats Løve Gjersvik
Tysnes kommune
Bygd med Libry Content