Til tenester og tilbod

Film og spel

Filmbib

Strøymeteneste med stort mangfald innan dokumentar og kortfilm.

Ein fjernkontroll og eit fjernsyn

Filmbib er ei strøymeteneste for norsk kort- og dokumentarfilm. Du har gratis tilgong til tenesta med nasjonalt lånekort.

Korleis verkar Filmbib?

Du har gratis tilgong til Filmbib via norske folkebibliotek og Nasjonalt Lånekort. Du loggar på tenesta med ditt lånekortnummer og PIN-kode. Kontakt biblioteket om du treng PIN-kode. Filmbib er tilgjengeleg i din nettlesar på PC/MAC, og i applikasjonar for iOS og Android for dine mobile einingar.

Kva filmar finn du i Filmbib?

I Filmbib kan du sjå kort- og dokumentarfilmar av nyare dato, men også eit utvalg av eldre filmar. Du finn ei unik samling av kortfilmar for både barn og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historiar. Her er også historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumetarar og mykje meir.

Besøk oss på facebook
Ansvarleg redaktør: Mats Løve Gjersvik
Tysnes kommune
Bygd med Libry Content