Digital teneste
Nettbiblioteket - nb.no
Nasjonalbiblioteket har digitalisert store delar av samlinga si, som du kan søka i og lesa.
På Nasjonalbiblioteket sine nettsider finn du verdas største digitale samling av norske forfattarar og litteratur gitt ut i Noreg. Samlinga inneheld norsk og utanlandsk skjønnlitteratur, sakprosa, aviser, tidsskrift, brev, musikk og mykje meir.
Store delar av dette er ope for alle med norsk IP-adresse, men noko vil berre vera tilgjengeleg på biblioteka. Spør ein bibliotekar dersom du treng hjelp med dette!
I forskings- og dokumentasjonsarbeid kan ein søka om tilgang til det som elles berre er tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket sin lesesal. Du kan søka om tilgang ved å logge inn med ID-porten eller Feide på nb.no.