Historie

Tysnes folkebibliotek høyrer heime i Tysnes kommune, Hordaland. Det var eit av dei siste biblioteka i Hordaland som framleis heldt på den gamle strukturen med små bygdebibliotek spreidd som filialar rundt om i kommunen. Først i 2002 vart denne ordninga avvikla.

253px-Utlånsprotokoll_for_Tysnes_folkeboksamling

Spiren til eit folkebibliotek

Interessen for ordinære offentlege folkeboksamlingar vakna ikkje før kring 1900 i Tysnes. Men om me reknar tilbake til første gongen me høyrer om folkebibliotek i Tysnes prestegjeld, kjem me tilbake til 1830. Det gjekk då ut ei oppmoding frå biskop Jacob Neumann om danning av almuebibliotek – ei «opmuntring til almuen at sørge for sin oplysning».  I Tysnes vart tanken straks teken opp av sokneprest Ole Tidemand Arentz, som sytte for å samla midlar og truleg også teikna medlemmar som kunne ta ansvaret for å oppretta eit almuebibliotek.

Den første boksamlinga var relativt beskjeden og avspegla også tida sitt syn på kva eit bibliotek skulle romma: Bøkene måtte tena til oppbygging og utvida kunnskap i bonden sin næringsveg eller til «passende opplysning eller behagelig eller lærerig underholdning», og samlinga måtte kunne godkjennast hos biskopen. Den første samlinga inneheldt berre ti band med blanda innhald, og i 1836 slo kapellan Georg Döderlein Greve i ei melding fast at samlinga ikkje har «kunnet bidrage til dannelsens fremme.»

Dei første åra vart biblioteket som nemnd drive ved private tilskot. Men alt då det nyvalde formannskapet hadde sitt andre møte i 1838 kom spørsmålet om å få skikk på folkebiblioteket opp. Det heiter såleis:»Endelig bestemtes at det til oprettelse af et almuebibliothek skuld udgaa paa sedvanlig maade Opmuntring til almuen at besørge dertil aarlig mindst 12 sk, og at resultaterne af saadan opmuntring skulde forelægges næste formandskabsmøde for at det videre fornødne i den henseende kunde foretages».

Prinsippet var framleis det same – dersom folk ville ha ei ålmenn boksamling, fekk dei òg betala kva det kosta. Sidan boksamlinga var lita og heldt til i prestegarden på Tysneset, og tilveksten var heller liten, vart samlinga lite nytta. Ho inneheldt elles berre religiøse og historiske skrifter, og for ålmenta var samlinga såleis av liten interesse.

I 1850 kom saka opp på nytt, basert på ein kongeleg resolusjon. Formannskapet hadde mange orsakingar for at spørsmålet om betre boksamlingar hadde lege nede, m.a. var det i påvente av at skuleoppgåvene vart løyste. Etter kvart vart det òg boksamling i Uggdalseidet, og seinare kom Onarheim til, som elles måtte «gjøre reise 2 til 3 miles hård sjøvei» om dei skulle nytta boksamlinga. Det interessante ved denne nye skipnaden er at biblioteka for første gong vart underlagde offentleg godkjenning og tilsyn. Av dei 3000 spesiedalarane som det offentlege løyvde til boksamlingane, fekk Uggdal 10, Tysnes 8 og Onarheim 7 spd. Når det galdt bokstamma til biblioteka, skulle bøkene uttakast av presten saman med formennene i kvart sokn. Bøkene som før hadde vore i Tysnes, skulle no delast mellom Tysnes og Uggdal.

I tillegg til statsløyvinga vart folk forplikta til å yta til boksamlinga gjennom skatteinnbetalinga. Ei fråsegn frå ordføraren i 1853 tyder på at folk synte velvilje og interesse for boksamlinga. Men det tyder ikkje det same som at alt stod bra til med det spirande bibliotekvesenet. I 1888 låg det føre eit skriv frå stiftsdireksjonen med spørsmål om Tysnes ønskte tilskot av den offentlege løyvinga til folkeboksamlingar. Svaret frå formannskapet vitnar om at det ikkje stod bra til med boksamlingane: «Enstemmig besluttet: For tiden gjøres ikke krav paa at erholde nogen af de nævnte midler». Det verkar som boksamlingane har gått for lut og kaldt vatn i 1870-1880-åra. I 1872 var det framleis ei boksamling i kvart sokn. I 1878 er det i ei fråsegn snakk om «de tilbageværende rester af de tidligere almuebibliotek».

I desse åra vart det meir og meir vanleg at folk kjøpte bøker sjølve. Interessen for den såkalla skjønnlitteraturen, eller «skrønebøker» som dei gamle sa, fekk fritt utlaup, dels gjennom følgjetongar i blada, dels gjennom billege utgåver av folkelivsskildringar og lettare lesestoff. Det gjekk over landet noko som har vore kalla eit «leseraseri» som nådde fram til Tysnes òg. Omsette bøker vart vanlege, og den litterære matsetelen gjennomgjekk endringar. Det kom bøker om kjærleik, mord og brotsverk, indianarforteljingar og anna i store mengder. Den norske litteraturen vart friare, og landet fekk sine første rettssaker om kvar grensa for litterær sømd skulle gå.

Bibliotek i alle bygdelag

Søknad om statstilskot for 1949-50 frå Tysnes folkebibliotek i Sunnhordland. Tilskotet frå Tysnes kommune var på 125 kr., og søknaden er m.a. underskrive av forfattaren Johannes Heggland.

Først på byrjinga av 1900-talet tok det til å veksa fram ei fastare line i arbeidet med biblioteksaka i Tysnes. Det første grunnlaget var leselag eller leseringar, desse vart oppløyste og bøkene overførde til boksamlingane mot at heradet overtok vedlikehald og bidrog med årlege løyvingar. Gåva vart motteken med takk, heiter det. Noko tung bør tok ikkje soknekommunane på seg, i Tysnes sokn vart det i 1903 løyvt 15 kroner. Boksamlinga var då skift i tre: Tysnes, Lunde og Reksteren.

Boksamlingane var ikkje i større enn at dei fekk plass i eit skap som som interesserte hadde ansvar for, og med lite fornying av bokstamma. Det vart ein del sirkulering av bøker mellom somme boksamlingar, men dette var ingen god ordning. Trass i at dei offentlege sentrale styremaktene hadde gjennomført ein rasjonell organisering av Staten sitt tilhøve til folkeboksamlingane, følgde kommunane oftast ikkje opp med nødvendige løyvingar. Likevel auka talet på boksamlingar i landet sterkt i denne tida, til 1920-åra kom med økonomisk stagnasjon. Staten hadde heile tida arbeidd for ei samordning av bibliotekstellet, m.a. ved tilsetjing av serskild bibliotekkonsulent og ved utarbeiding av katalogar. Eit framsteg var òg «Folkeboksamlingenes ekspedisjon» som sikra god og billeg bokinnbinding.

I slutten av 1920-åra kom det til ein «rekonstruksjon», og det vart meir orden på val av styre til boksamlingane. Men mykje av den gamle bokstamma vart etter kvart utsliten, og det var smått med nyinnkjøp. Likevel hadde boksamlingane mykje utlån.

I slutten av 1940-åra vart det statlege tilsynet samla i Statens bibliotektilsyn, og kvart fylke fekk eigen bibliotekinspektør. Mest å seia fekk likevel den nye biblioteklova frå 1949. Etter den hadde alle kommunar plikt til å driva folke- og skuleboksamlingar, og yta til drifta minst 25 øre for kvar ibuar.

I denne samanhangen må ikkje gløymast skuleboksamlingane. Dei var ikkje ruvande, men for leseglade ungar og ungdom var desse bøkene inngangen til litteraturen med kvalitetsbøker frå norske tilhøve og med smakebitar frå klassisk omsett litteratur.

Mot ei ny tid

søknad om statstilskot

Søknad om statstilskot for 1949-50 frå Tysnes folkebibliotek i Sunnhordland. Tilskotet frå Tysnes kommune var på 125 kr., og søknaden er m.a. underskrive av forfattaren Johannes Heggland.

Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Frå 1964 vart innkjøpsordningen av norsk skjønnlitteratur som kjent gjennomførd, og 1000 eksemplar av kvar skjønnlitterær bok spreidd til folkeboksamlingane.

I Tysnes danna det seg etter kvart fire bibliotekfilialar, i Uggdalseidet, Onarheim, Lunde og på Reksteren, i tillegg til hovudbiblioteket i Våge. Filialane heldt til på barneskulane og hadde gjerne ope 2-3 timar i veka, men var godt besøkt. Desse små bygdebiblioteka fungerte også som sosiale møtestader. Løyvingane var framleis relativt små, og utan bøkene frå innkjøpsordninga ville det ikkje vore mogleg å oppretthalda ei forsvarleg drift. Det var gjerne godt vaksne damer som arbeidde på filialane, mot ei mindre godtgjering frå kommunen.

På 1980-talet vart den tidlegare Tysnes folkeboksamling omorganisert, symbolisert ved namneskifte til folkebibliotek, og i 1989 vart det vedteke ein bibliotekplan for Tysnes kommune der ein tok sikte på å etablera eit folkebibliotek etter nye krav, og det vart tilsett ein biblioteksjef med fagutdanning. Men bibliotekstrukturen vart i hovudsak verande som før, med eit hovudbibliotek i kombinasjon med ungdomsskulen, og små filialar i dei ymse bygdelaga, som etter kvart fekk mindre besøk. Først i 2002 vart det gjort ei endring på dette mønsteret, då hovudbiblioteket flytta inn i den nybygde fleirbrukshallen i Tysnes som sjølvstendig bibliotek, samstundes som filialane vart lagt ned.

Tysnes folkebibliotek er i dag eit av dei åtte Sunnhordlandsbiblioteka, der mykje av drifta i tillegg til den ordinære bibliotekverksemda har vore konsentrert rundt lokalhistorie, i samarbeid med Tysnes Sogelag. Biblioteket arbeider også med å ta vare på den kulturelle arven etter forfattaren og lokalhistorikaren Johannes Heggland. Biblioteksjef sidan 1998 har vore Knut Rage, som i desse åra har leia Tysnes folkebibliotek frå å vera ei av dei aller siste «gode gamle» folkeboksamlingane i Hordaland til det moderne biblioteket det er i dag.

(Tekst og bilete henta frå lokalhistoriewiki.no, opphavleg skrive av Johannes Heggland red. av Knut Rage. Lenkje til artikkel.)