Visjon

Tysnes folkebibliotek er truleg det minste folkebiblioteket i Hordaland. Men etter mottoet "smått er godt" har me likevel sett oss store mål.

Ty bi 5

I ei tid då folk flest har internett heime, på mobil, nettbrett og pc, leksikon på papir er ein saga blott, mange kjøper bøkene sine sjølv og strømmer lydbøker og musikk via kommersielle tenester, står folkebiblioteka oberfor store utfordringar – særleg dei minste biblioteka. Vår største utfordring er såleis at me må tenkja nytt, gjerne i lag med publikum. Har du innspel, så la oss få høyra dei!

Vår visjon er å gjera Tysnes folkebibliotek til ein levande kulturinstitusjon. Sundagsakademiet er eit godt døme, våre skiftande utstillingar eit anna – Facebook-sida «Tysnes før i tio» eit tredje Me ønskjer å gjera biblioteket til ein stad der folk kan samlast, til ein stad for opplevingar og læring. Med begrensa ressursar er det ingen enkel veg å gå. Men me jobbar planmessig for å skapa eit levedyktig folkebibliotek i pakt med tida – heile tida.

Ta gjerne kontakt!