Til leseforslag
Omslag: "Jenny Fender" av Heidi Marie Vestrheim
Barn

Jenny Fender

Heidi Marie Vestrheim

RomanarBygdesamfunn Forelsking Lesbiske Rock Vennskap
Bestill

Anbefaling

Knakande god bok om vennskap, rock og opprørstrong

Heidi Marie Vestrheim debuterer som forfattar med ei sjarmbombe av ei barnebok! Jenny Fender handlar om alt virvaret ein kan oppleve i overgangen mellom barndom og ungdom. Dette er ei forteljing om vennskap, rock og kjærleik.

Passar for born mellom 9 og 14

Om boka

Bandet er kaputt, ferien er kaputt, livet er kaputt. Signe er borte, og Jenny Fender er aleine igjen i bygda. Det er nesten så ho blir heilt deprimert. Dessutan er den nye naboen kjempeirriterande, med rocka sveis og trommesett i kjellaren. Ho spradar rundt med det skeive smilet sitt og gjer Jenny heilt svimmel. Dette blir verdas verste sommar ... eller? Jenny Fender handlar om alt virvaret ein kan oppleve i overgangen mellom barndom og ungdom. Dette er ei forteljing om vennskap, rock og kjærleik. Forteljing for mellomtrinnet.

Kontakt

Tysnes kommune
Ansvarleg redaktør: Mats Løve Gjersvik
Besøk oss på facebook
Bygd med Libry Content