Personvernerklæring
Nettsidene er utvikla av Biblioteksentralen i samarbeid med biblioteket. Vi gjer vårt beste for å beskytte personopplysingane dine, òg når dei ikkje er av sensitiv art. Denne personvernerklæringa fortel om korleis vi samlar inn og brukar personopplysingar.
Behandlingsansvarleg
Biblioteket, ved biblioteksjefen, er behandlingsansvarleg for Biblioteket si behandling av personopplysingar.Erklæringa inneheld opplysingar du har krav på når det samlast inn opplysingar frå nettstaden vår (personopplysingslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysingslova § 18 1. ledd).
Versjonar
Dette er versjon 1.1 av personvernerklæringa. Ho blei publisert på www.tysnesbibliotek.no/nn/personvern den 10.11.2022.
Informasjonskapslar (cookies) og webstatistikk
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside.Biblioteksentralen brukar ikkje cookies til å generere statistikk. Vi kan dermed ikkje spore bruken din av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.
Nettsidene nyttar Plausible som analyseverktøy for å samle inn opplysingar om dei som besøker nettsidene våre.Plausible nyttar ikkje informasjonskapslar og all data om besøkjande er anonymiserte.
Sikker nettstad
Biblioteksentralen nyttar HTTPS for å sikre nettløysingane våre mot hacking. HTTPS gjer at kommunikasjonen skjer sikkert mellom nettleseren i datamaskina di/den mobile eininga di og serveren som driv nettstaden.
Mine sider / biblioteksystem
Ved søk i katalog eller innlogging Mine sider / Mappa mi blir du overført til biblioteket sitt kjernesystem. Personvernerklæringa til kjernesystemet.
Eksterne lenker
Biblioteket er ikkje ansvarleg for personvern på direktekoplingar utanfor nettsidene til biblioteket.
Anna relevant informasjon
Tilgangskontroll i samband med meirope bibliotek
Når du nyttar lånekortet ditt for å få tilgang til biblioteket utanom betent opningstid, vert namn, bilete og lånernummer lagra. Dette er naudsynt for å identifisere og godkjenne lånarane.
Kameraovervaking er ein del av tilgangskontrollen. Det vert tatt videoopptak i inngang til det meiropne biblioteklokalet. Føremålet med tilgangskontrollen er å sikre verdiar og personar som nyttar biblioteket i det tidsrommet det ikkje er personale til stades. Det rettslege grunnlaget for slik kontroll er å ivareta legitime interesser, jfr. GDPR artikkel 6 nr 1f. Opptaka frå tilgangsloggen og overvakingskamera vert sletta automatisk etter 7 dagar. Dersom det skjer ei uønska hending, kan ein overstyre den automatiske slettinga av video-opptaka, og filmen vil bli lagra i påvente av etterforsking.
Har du spørsmål til korleis vi behandlar personopplysingar?
Alle som spør har rett på grunnleggande informasjon om behandling av personopplysingar i ei verksemd etter personopplysningslova, § 18, 1. ledd. Biblioteksentralen har gitt denne informasjonen i denne erklæringa, og vil vise til den ved eventuelle førespurnadar.
Dei som er registrerte i eit av biblioteket sine system har rett på innsyn i eigne opplysningar. Vedkomande har òg rett til å be om at feil, ufullstendige eller opplysningar biblioteket ikkje har adgang til å behandle blir retta, sletta eller supplert.
Kontaktinformasjon
E-post: post@tysnesbibliotek.no
Endringar
Biblioteket kan revidere denne personvernerklæringa ved endringar i behandlinga av personopplysingar eller ved endringar i gjeldande lovgiving. Når personvernerklæringa blir endra, blir den nye personvernerklæringa publisert på heimesida vår.