Lånereglement

Sist oppdatert 9. okt. 2023

LÅNEREGLEMENT VED TYSNES FOLKEBIBLIOTEK

1. Lånerett
Det er gratis å låna. Alle som har gyldig lånekort har rett til å låna ved biblioteka.

2. Lånekort
Alle som har fylt 6 år kan få eige lånekort. Lånarar under 15 år må ha kausjon frå føresette for å få lånekort. Det er den føresette som er ansvarleg for låna.
Lånaren skal ha med lånekortet ved lån, og er ansvarleg for å melda adresseendring og endring av annan kontaktinformasjon, som e-postadresse og telefonnummer. Lånaren er ansvarleg for alle lån på eige lånekort.
Alle personopplysingar vert handsama i samsvar med den gjeldande personopplysingslova. Du finn personvernærklæring her.

3. Lånetid og innlevering
Bøker og lydbøker: 4 veker
Tidsskrift: 2 veker
Film: 1 veke
Dataspel: 2 veker
Det er høve til å fornya lånet inntil 2 gonger på bøker som ikkje er reservert av andre.

4. Reservering
Lånaren kan reservera utlånte media, og biblioteka gjev melding når desse kan hentast. Hentefrist er 7 dagar. Biblioteka låner gratis inn media frå andre bibliotek.

5. Varsel/Purringar
Biblioteka sender ut innkallingar på media som ikkje er levert til rett tid. Påminning om forfall på SMS/e-post vert ikkje rekna som purring. Vi sendar ut 2 purringar før det vert sendt erstatningskrav. Faktura krediterast dersom materialet vert levert inn. Erstatningskrav kan føre til midlertidig tap av lånerett.

6. Film
Utlån av film følgjer gjeldande aldersgrense sett av Medietilsynet.

Kontakt

Tysnes kommune
Ansvarleg redaktør: Mats Løve Gjersvik
Besøk oss på facebook
Bygd med Libry Content